
Elevar ved Ålesund videregående skole lærer om globalisering
23/4-07 - 08:49NHO si globaliseringskampanje ?Norge i verden? har læremateriell for vidaregåande skule samla i ein skolepakke. I Møre og Romsdal tilbyr vi ein del skular forelesing av ein bedriftsleiar i tillegg. Onsdag 28.03.07 møtte konsernsjef i Koppernæsgruppen Odd Gjørtz elevar ved Ålesund videregående skole for å gi personlege erfaringar frå arbeid i ei globalisert bedrift. Det vart eit lærerikt møte!

Odd Gjørtz fortalde elevane om Koppernæsgruppen ? korleis konsernet er organisert og om produkt og marknad ? og ikkje minst om korleis heile verda er ein del av verksemda. Norge er eit lite land i internasjonal samanheng. Gjørtz, sette dette i ein historisk samanheng, og forklarte kvifor eit land som Norge kan klare seg så godt internasjonalt. Han viste også gode døme på kor viktig det er å halde orden på logistikken for at alt er på plass til rett tid i bedriftene.
Elevane fekk innsyn i korleis bedrifter kan utvikle produkt dei er gode på og bli verdsleiande produsentar på sine felt. Fiskemjøl produsert i Norge og Chile er døme frå Koppernæsgruppen.
Etter foredraget gjennomførte elevane globaliseringsspelet ?Kampen om vannet?. Det er eit spel med tre filmsnuttar som innleiing til problemstillingar elevane skal drøfte. Elevane diskuterte ivrig, og dei kom fram til mange og gode svar på oppgåvene. Utgangspunktet er, ei bedrift som finn eit revolusjonerande produkt og skal inn på ein global marknad med det. Til slutt skal elevane kome med eit råd til bedrifta om kva dei skal gjere! Sjå http://www.7etg.no/article1027.html
NHO Møre og Romsdal vil tilby dette opplegget til fleire vidaregåande skular i fylket i løpet av 2007.
Om opplegget på Ålesund vgs ? ta kontakt med
- Odd Gjørtz, Koppernæsgruppen odd.gjortz@koppernes.no 70177700
- Kjell Røsvik, Ålesund vgs. kjell.rosvik@mrfylke.no 70160500
- Guttorm Ulla, NHO guttorm.ulla@nho.no 70101400 / 90065060 eller
- Elisabeth Nørve elisabet.norve@nho.no 70101400 / 90649588
Elevar i vidaregåande er ei viktig målgruppe for globaliseringskampanjen ?Norge i verden?. Kampanjen er landsomfattande, og vi har ulike tiltak gjennom året for den.
Telefon: 23 08 80 00 Telefaks: 23 08 80 01 Web: www.nho.no


